EnglishDeutsch

Gamlastovo

Array

Hovold

– gamalt reiskap til snøring av tau -

7-p2

Hovoldet er bruka i logoen til Gamlastovo Gardsrestaurant.
Eit hovold er ei genial oppfinning, med ein perfekt og fullkomen bruksdesign.
Det fungerer som låsemekanisme for tauet. Lett å knyta - lett å få opp att.
Kulturlandskapet i Hardanger er gjennom hundreåra vorte forma gjennom at menneske har rydda og hausta landskapet heilt frå fjorden og opp mot fjellet. Når lauv og gras skulle til gards, var hovoldet og "børatogje" (tauet) alltid ein del av reiskapen. Hovoldet vart sett ned i bakken, tauet vart lagt ut, og graset lagt oppå.
Når høybøra var stor nok, snørde dei tauet ved å smetta det gjennom hovoldet. Når lasset var nok tilsnørt vart det laga eit stikk på kvar av endane på hovoldet. Dermed er tauet låst, og børa kan berast -, eller løypast heim på løypestreng.